Hopp til produktinformasjon
Boskoop Jus 0,7l

Boskoop Jus 0,7l

70,00 kr
Avgifter inkludert.

Jusen Boskoop kjem frå eplet Belle de Boskoop, "den vakre frå Boskoop" eller malus 
domestica goudreinette. Dette eplet har ei historie som strekk seg langt tilbake. 
Boskoop er ein nederlandsk landsby som vart nemnt av grev William 1. av Holland så 
tidleg som i 1222. "Buckiscope", som han skreiv, hadde nemleg ypperleg jord for 
fruktdyrking i mellomalderen, noko nonnene ved det benediktinske klosteret 
Rijnsburg hadde oppdaga. På 1850-talet gjorde Kornelius Ottolander eplet kjend, og 
sorten kom til Noreg på 1890-talet. Olav Skard skriv i sin pomologi (eplelære) frå 
1939 at eplet var lite planta i Noreg. Ein av grunnane kan vera at han treng mykje lys 
og varme for å bli god. 


Eplesorten Belle de Boskoop er ei staseleg frukt, stort og med flamme og rust på 
skalet. Smaken er svakt søtleg, med god syre og struktur, og med ein liten 
krydderaroma, som om han hadde nokre element frå Asia. Ein glimrande matjus. 

Kan hentes hos Haga gard

Vanligvis klar på 24 timer

Boskoop Jus 0,7l

Default Title

Haga gard

Kan hentes vanligvis klar på 24 timer

Hagavegen 111
4056 Tananger
Norge

+4740041108

Andre produkter